general
Mogleg lekkasje frå gasstank på Kokstad
NRK Toppsaker • 28 Apr 2026, 21:35
Politiet har fått melding om ein mogleg lekkasje frå ein gasstank ved eit industribygg på Kokstad i Bergen.
Ein tilfeldig forbipasserande har høyrd lyd frå gass som fres ut av ein tank, opplyser Jan Børge Misje i Vest politidistrikt.
Politi og brannvesen jobbar saman med å avklare situasjonen.
– Det blir sett opp sperringar med ein tryggleiksavstand på om lag 100 meter, opplyser Misje.
Bybanetraseen og Flyplassveien ligg innanfor sonen. Både veg- og bybanetrafikk vart difor sperra mellom Birkelandsskiftet og Bergen lufthamn.
Klokka 22.05 informerer politiet om at det ikkje er behov for sperring av veg og bybanetrase likevel.
Brannvesenet er framme og tek målingar for å finne ut kva gass det er snakk om.
Les originalartikkelen