general
I dag er førarhundens dag
NRK Nordland • 29 Apr 2026, 09:56
Kvar siste onsdag i april er førarhundens dag.
Dagen blir markert av Noregs Blindeforbund for å spreie informasjon om førarhunden si rolle. Det er 300 førarhundar i Noreg i dag.
Ei undersøking Respons Analyse gjennomførte blant førerhundbrukere for to år sidan viste at 8 av 10 brukarar av førarhund blir forstyrra mens hunden jobbar.
Tidlegare i april besøkte svaksynt og førarhundbrukar Bjørn Agnar Hanssen frå Lofoten, og hunden Toto, Bodø vidaregåande for å åtvare om nettopp det.
Elevar på sals-, service- og reiselivslinja fekk difor høyre om korleis dei skal opptre når dei eventuelt møter svaksynte med førarhund i framtida.
Tobias Thomassen Jørgensen på 17 år tok med seg ny lærdom som blir nyttig i jobben hans seinare.
– Eg har lært at førarhunden ikkje skal bli plaga mens dei er på jobb, seier han til NRK.
Slik lyder «førarhundvettreglane» elles:
1) Hunden er på jobb når selen er på. Ikkje ta kontakt med hunden.
2) Hald eventuelt eigen hund på avstand.
3) Gje deg gjerne til kjenne, og fortel at du har hund.
4) Dersom førarhunden er utan sele, spør om det er greitt å helse dersom du har hund.
5) Ikkje gje godbitar.
6) Gje gjerne beskjed til eigaren om eventuelle farar eller andre ting å vere merksam på.
7) Dersom hunden er utan sele, spør om lov før du eventuelt klappar hunden.
Les originalartikkelen