general
Årets overvaking av lakselus er i gang
NRK Nordland • 06 May 2026, 11:56
Årets overvaking av lakselus er no i gang langs kysten, melder Havforskingsinstituttet.
Spesialutdanna personell undersøker kor mykje lus villaks, sjøaure og sjørøye blir utsett for, og arbeidet startar som vanleg i sør før det flyttar seg nordover utover våren.
Ifølge leiar for den nasjonale luseovervakinga, Rune Nilsen, er funna avgjerande for å forstå kor hardt villfisken blir ramma.
– Resultata frå desse undersøkingane gir oss viktig informasjon om korleis dei ulike artane blir negativt påverka av lakselus.
Overvakinga blir gjort med trål, ruser, garn og vaktbur, og skal vere ferdig i Nord-Noreg i juli.
Les originalartikkelen