general

Kan bli viktig kjelde til berekraftig mat

NRK Nordland • 29 May 2026, 10:14

Kan bli viktig kjelde til berekraftig mat
Blåskjelldyrking kan bli ei viktig kjelde til kortreist og berekraftig fôr, men større produksjon kan også påverke miljøet. Det viser ei ny kunnskapsoppsummering frå Havforskingsinstituttet. Havforskar Tore Strohmeier seier at god planlegging er avgjerande. – Dyrking av blåskjell kan påverke både vassmassane og botnen, men rett lokalisering kan redusere risikoen for negative effektar. Forskarane peikar på at blåskjell er godt undersøkt, mens kunnskapen om grønnsekkdyr framleis er mangelfull. Begge artane blir likevel vurderte som lovande råvarer til framtidas fôr og mat. Myndigheitene blir råda til å gjere grundige vurderingar av kvar nye anlegg bør ligge for å sikre berekraftig vekst.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord