general

Lege i Bodø dømt til fire år i fengsel

NRK Nordland • 29 May 2026, 13:44

Lege i Bodø dømt til fire år i fengsel
Ein lege i Bodø er dømt til fire år i fengsel og ein bot på 650.000 kroner. Avisa Nordland meldte om dommen først. Legen i 40-åra har budd og jobba i Salten i over eit tiår, blant anna på Nordlandssjukehuset, og stod tiltalt for omfattande økonomisk kriminalitet. Påtalemyndigheita meinte at han lot vere å bokføre legetenester for nesten 30 millionar kroner, og å ha unndrege over sju millionar kroner i skatt. Legen, med sine tre medborgarskap, erkjente delvis straffeskuld på tre av dei åtte postane han var tiltalt for. – Ser vi alle moment i samanheng går det ikkje an å sjå det på ein annan måte enn at han er ute etter å lure skattesystemet så mykje som mogleg, sa aktor Trond Lakselvhaug. Forsvararen Finn Ove Smith meinte at verksemda til legen ikkje var rekneskapspliktig, men berre pliktig å bokføre. – Vi er ikkje einig i at han har gjort dette med hensikt. I dag kom dommen mot mannen, som blir straffa for: • Grovt brot på bokføringsplikta • Elleve tilfelle av grovt skattesvik • Kreditorsvik • Medverknad til grovt trygdebedrageri • Grovt trygdebedrageri • Å ha rådd over helseopplysingar som har vore under teieplikta
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord