general
Høyanger kommune meld til politiet i drikkevatn-saka
NRK Toppsaker • 23 Jun 2026, 09:58
Høyanger kommune er politimeld i samband med saka der det er oppdaga altfor høge verdiar av aluminium ved vassverket på Kyrkjebø.
Det seier politiadvokat Camilla Moe i Vest politidistrikt til NRK.
Moe seier dei førebels ikkje kan seia så mykje om kva politimeldinga gjeld, men at ho blei levert inn av ein privatperson i går.
Moe seier vidare at dei vil koma tilbake med informasjon seinare i veka.
Les originalartikkelen