general
15-åring redda poeng for Vålerenga
NRK Toppsaker • 06 Sep 2026, 16:55
Vålerenga har vore i hardt vær etter at klubben tidlegare i veka selde kaptein Henrik Bjørdal til Viking på tampen av «Deadline Day».
På overtid borte mot Sarpsborg 08 redda 15 år gamle Gabriel Rajkovic poeng for Oslo-laget etter å ha lege under 2–0.
For det var heimelaget som førte an i store delar av kampen, men to reduseringar heilt på tampen gjorde at kampen enda 2–2.
– Det var veldig deilig å få den scoringa og poenget. Eg såg at Ole (Sæter) gjekk opp i duell, og då tenkte eg at eg skulle luske meg bak der, og ballen kom, sa Rajkovic til TV 2 etter kampen.
Heimelaget tok leiinga midtvegs i første omgang. Claus Niyukuri kom på eit vakker løp framover og etter litt veggspel med Victor Halvorsen fekk han plassert ballen i nettmaskene.
10 minutt før full tid får Sarpsborg 08 frispark. Frå 17 meter får innbytar Sondre Sørli draumetreff. Han smeller ballen forbi muren og tek heimelaget opp til 2–0.
Minutta seinare kjem reduseringa frå hovudstadslaget som bankar inn 2–1 signert Petter Strand.
Dette tente tydelegvis ein flamme hjå Vålerenga. Rajkovic dukka opp i feltet og sende ballen i nettmaskene på overtid etter å ha komme inn frå benken.
Les originalartikkelen