general
Tre gutar dømde for 17. mai-vald
NRK Toppsaker • 10 Sep 2026, 10:40
Tre mindreårige gutar blei torsdag dømde for vald mot ein russ på 17. mai. Alle tre hadde tilstått.
Ein video som spreidde seg på nett etter nasjonaldagen viser korleis ein 18-åring blei slått i bakken. Tre gutar slo og sparka han medan han låg nede.
Denne veka måtte dei tre tenåringsgutane møta i rettsmøte . I dag har Hordaland tingrett avgitt tilståingsdommar for alle tre.
To av dei er dømde til seks månader samfunsstraff og 14.000 kroner i oppreising. Den tredje guten er dømd til 14 dagars betinga fengsel. Han må betala 3000 kroner i oppreising.
Les originalartikkelen