general
Glimt-smell i Bergen
NRK Nordland • 20 Sep 2026, 19:10
Først sende Kristall Ingason bergensarane til himmels ved å ta Brann opp til 2–1 mot serieleiar Bodø/Glimt, så vart han sendt rett i garderoben etter å ha takla Glimts Patrick Berg stygt.
– Raudt kort sju dagar i veka, sa Jesper Mathisen på TV 2 si sending.
Trass massivt Glimt-press på tampen klarte Branns ti menn å stå i mot.
Brann sin haustsesong som har vore like grå som haustvêret i Bergen vart nok hakke lysare etter sigeren og tre poeng mot serieleiaren frå nord.
Gultrøyene tok føringa i Bergen etter eit kvarter. Jens Petter Hauge fann Andreas Helmersen inne i feltet som putta sitt 11 mål for sesongen.
Eggert Aron Gudmundsson og Brann svarte like etterpå. Islendingen fekk plassert ballen i venstre hjørne frå 16 meter.
Før Kristall Ingason sette fyr i bergenspublikumet då han tok Brann opp til 2–1.
Glimts tap gjere at dei no står likt med Viking med like mange poeng og same målforskjell.
Les originalartikkelen