general

Rapport viser vekst i Bodø

NRK Nordland • 22 Oct 2026, 14:04

Rapport viser vekst i Bodø
Selskapet KPB presenterte i dag rapporten Indeks Bodø på rådhuset. Rapporten viser at næringslivet i Bodø skaper større verdiar enn nokon gong, fortalde Erlend Bullvåg i KPB. – Indeksen viser at Bodø har eit næringsliv med betydeleg utviklingskraft, seier Kjell Hugvik, kommunedirektør i Bodø kommune i ei pressemelding. Vidare seier han, dei ser vekst innan fleire av næringane kommunen har valt å satse på, og det gir eit godt grunnlag for vidare utvikling av kommunen som bu-, arbeids- og etableringsstad.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord