general

Norsk Redaktørforening gir Rustad ei formell åtvaring

NRK Toppsaker • 23 Oct 2026, 12:40

Styret i Norsk Redaktørforening har vedteke å gi Document-redaktør Hans Rustad ei formell åtvaring, skriv dei i ei pressemelding. Rustad har teke imot åtvaringa fredag. Grunngjevinga frå styret gjeld tre forhold: Manglande etterleving av grunnleggande journalistiske prinsipp, konkrete handlingar knytt til sjølvdømmeordninga og udokumenterte og sterke skuldingar mot andre redaktørstyrte medium. – Det er viktig for styret å understreke at målet med denne prosessen ikkje er eksklusjon. Styret ønsker vidare dialog og vil bidra konstruktivt, dersom Hans Rustad sjølv ønsker det, seier styreleiar Tora Bakke Håndlykken i Norsk Redaktørforening i pressemeldinga.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord