general
Reuters: Vance er framleis i Washington
NRK Toppsaker • 21 Apr 2026, 18:12
USAs visepresident JD Vance har ikkje reist til Islamabad i Pakistan for å delta i samtalar med Iran, melder Reuters.
Vance skulle etter planen ha leia den amerikanske delegasjonen.
Ei kjelde i Det kvite huset seier han skal delta i politiske møter i Washington.
No er det uvisst om visepresidenten kjem til å reise til Pakistan.
Våpenkvila mellom USA og Iran går ut onsdag, og partane skulle etter planen møtast i den pakistanske hovudstaden for samtalar.
Men tysdag ettermiddag sa pakistanske styresmakter at heller ikkje den iranske delegasjonen hadde gjeve eit formelt svar på om dei kjem eller ikkje.
Les originalartikkelen