general
Truls Gulowsen trekker seg som leiar i Naturvernforbundet
NRK Toppsaker • 30 Aug 2026, 18:24
Bakgrunnen er at eit knapt fleirtal i Naturvernforbundet sitt landsstyre ikkje lenger har tillit til han som leiar.
Gulowsen melder dette i ein post på Facebook. Han har vore leiar for organisasjonen i fem år.
– Det er trist og ikkje ei avslutning eg ønska, skriv han.
Gulowsen viser mellom anna til friksjon mellom han og tilsette i organisasjonen.
– Fram til i dag har eg vore sikker på at arbeidsmiljøutfordringane i sekretariatet har vore morglege å løyse gjennom betre samtalar, klarare interne prosessar og etablering av ein normal tilbakemeldingskultur, skriv Gulowsen.
Naturvernforbundet skal velje ny leiing på landsmøte til hausten.
Les originalartikkelen