general

Statsmeteorolog: – Det verste er over

NRK Nordland • 19 Oct 2026, 16:58

Statsmeteorolog: – Det verste er over
Den verste vinden er truleg over for denne gong, fortel statsmeteorolog Christoffer Taraldsen ved Meteorologisk institutt. Det har vore storm i store delar av Nordland og Troms, men vinden trekkjer no lenger nordover. I Finnmark er vinden framleis svært sterk, men òg der vil det roe seg i morgon. – Dersom du ser på Nordkapp nå, så ligg det på full storm og kring 35 meter i sekundet på vindkast, seier Taraldsen. Regnvêret gir seg i Nordland i natt, og tysdag føremiddag blir det opphaldsvêr i Troms. – Når det gir seg ordentleg, då er det ferdig, så me slepp at det regner fleire dagar etterpå, fortel han. Nordland får meir variert vêr utover veka, og det kan kome smånedbør torsdag og fredag. Særleg Troms får fine vêrdagar og truleg opphald onsdag.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord