general
Helgelandsbrua stengd etter ulykke – dyrehengar har velta
NRK Nordland • 21 Oct 2026, 16:53
Nødetatane har rykt ut til ei trafikkulykke på Helgelandsbrua i Alstahaug onsdag kveld. Ein dyrehengar har velta og sperrar vegen.
Ifølgje operasjonsleiar Thomas Jarnæs Coe i Nordland politidistrikt skal det vere geiter inne i hengaren. Det er førebels ikkje meldt om personskade.
Dyrehengaren står på tvers i vegbana, og Helgelandsbrua er stengd for all trafikk medan oppryddingsarbeidet pågår.
Les originalartikkelen