general

Meiner demenstilbod er under press

NRK Nordland • 23 Apr 2026, 08:11

Meiner demenstilbod er under press
Dagsenteret for heimebuande med demens i Brønnøy har dagleg opp mot tolv brukarar i svært tronge lokale. Tilsette og eldrerådet meiner situasjonen gjer det vanskeleg å gi ro, aktivitetar og individuell oppfølging til ei gruppe med store og ulike behov, skriv Brønnøysunds Avis. Koordinator Veronika Dypaune fortel at brukarar ofte trekkjer seg unna fordi lydnivå og aktivitetar kolliderer. – Nokre ønsker ro, mens andre driv med aktivitetar som støyer. Avdelingsleiar Evy Lande seier kommunen no ser på moglegheiter for betre tilrettelegging, men at ingen konkrete løysingar ligg føre. Eldrerådet uttrykker uro for at fleire demente i kommunen ikkje får eit tilbod, og meiner at situasjonen i dag er uverdig for dei som treng mest støtte.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord