general

Treng fleire frivillige til Arctic Race

NRK Nordland • 23 Apr 2026, 07:07

Treng fleire frivillige til Arctic Race
Sortland kommune manglar framleis frivillige før Arctic Race of Norway rullar inn i byen 13.–16. august, skriv Vesterålen Online. Særleg laurdagen er det behov for stor bemanning, då sentrum blir stengt og rittet passerer gjennom fleire gater. Kommunen tilbyr økonomisk kompensasjon til lag og foreiningar som stiller med løypevakter, 500 kroner per vakt per dag. Ifølge samfunnsutviklar John Hempel treng dei rundt 75 vakter laurdag, og 20–25 torsdag og fredag. Så langt har 20–30 meldt seg, men kommunen håpar fleire vil bidra for å sikre ein trygg og livleg folkefest.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord