general
Nedgang i fråværet på vidaregåande skular i Nordland
NRK Nordland • 17 Sep 2026, 14:13
Elevane på dei vidaregåande skulane i Nordland er stadig meir på skulen. Det siste skuleåret gjekk fråværet ned frå 7,7 til 6,3 prosent. Landssnittet på 6,9 prosent, og berre tre fylke i Noreg har lågare fråvær, skriv Nordland fylkeskommune på sine nettsider.
Fylkesråd for utdanning, Joakim Sennesvik (H), gler seg stort over tala og roser skulane for ein solid jobb.
– Eit trygt og godt skulemiljø og trivsel blant elevane er eit godt botemiddel mot fråvær. Kampen mot utanforskap og for at fleire skal fullføre, er ei av våre viktigaste oppgåver, seier Sennesvik.
Les originalartikkelen